måndag 1. oktober 2007

Koselig 4-generasjonstur til fjellet

No i helga har vi vore på Bulken (på 'Endeli'). Vi reiste opp først på laurdag, då vi hadde 'dobbelbooka' litt (sjå førre posting).

Turen opp gjekk smertefritt som vanlig. Lykke somna i bilen og Oline byrja å lese den siste Taynikma-boka ho hadde fått. På Dale måtte vi stoppe for å fylle på litt baconpølser og wienerar. Hanne var svolten, så vi vart litt 'svoltne' resten av gjengen òg.

På 'Endeli' hadde Ola, Torunn, Gunn og Finn-Kristian allereie kome fram til hytta, og det var eld på peisen. Oline var jo veldig glad for at Finn var der. Han og Oline er veldig gode vener.


Vel, ingen hyttetur utan ein stabel med spel i bagasjen. Denne gangen tok vi med alle dei nominerte spela, men vi spelte ikkje alle. På laurdagen vart det ein del 'Khet' (som vi lurer på å legge att på hytta, faktisk) og eitt par omgangar 'Hive' med Finn-Kristian. Oline ville òg spele 'Manila' (eitt ganske avansert spel for ho, men ho likar det veldig godt), så vi fekk med Ola òg på omgangen. Spelet var nytt for han, så vi måtte bruke litt tid for å gå gjennom reglane. Omgangen var veldig artig, og det endte med at eg vant, med Oline på andreplass! Har ein viss mistanke om at vi begge fekk godt utbytte av å velge piraten. Oline fekk faktisk kapra to båtar i eine omgangen med 42 i utbytte! Knall!

På søndagen vart det òg ein del Khet. Så ville Ola prøve Stormenes Tid. Det virka å vere eitt spel for Ola, ja! Han vant klart over oss andre. Veit at eg gjorde nokre skikkelige tabbar i denne omgangen. Seinare på kvelden reiste Ola ned att frå fjellet. Han skulle på jobb att på mandagen.

Finn Kristian likar jo WOW og slike ting, og eg hadde ein mistanke om at han kunne like Battlelore. Eg hadde iallefall tatt det med, og augene vart rimelig store på gutten då vi byrja å pakke det ut. Etter endt omgang hadde eg vunne 7-4, men gutten hadde bitt skikkelig fra seg på slutten. Artig!

1 kommentar:

Lenedyret sa...

Eg vil på hyttetur att snart :D