onsdag 10. september 2008

Astrid Hansen - a name to watch...

Stifta kjennskap til denne teiknaren i Nemi. Fant i dag eitt web-galleri. Mykje stilig!
Link til 'Onjedone' på Deviantart.

Mah-Jongg igjen!



Så vart det endelig litt mah-jongg igjen, med dei nye brikkene fra Yellow Mountain Imports. Lene kom på besøk (på kort varsel) og vi spelte ein heil omgang (6 rundar). Ingen som hadde store poengsummar denne gangen, og vi var nesten heilt lik på slutten. Berre 160 poeng mellom vinnar og sisteplass! Wow!

laurdag 26. april 2008

Ny blogg!


I dag har Oline oppretta sin eigen kunstnarblogg!

http://gallerioline.blogspot.com/

Elles så har regnvêret endeleg kome attende slik at eg ikkje klør slik i augene. Den allergimedisinen gjer meg så frykteleg trøytt. Har forresten nett lest på nett at dei lagar ein DS-versjon av Civilization. Det høyres veldig spennande ut!

Førre helg hadde vi ein kjempetriveleg spelekveld med Tommy, Arvid, Lene og oss i Det Blå Huset. Tommy har allereie blogga om det!

måndag 25. februar 2008

Roads & Boats

Femspelaromgang med R&B! Artig, men det vart mykje regeldiskusjonar, då det var berre eg og Hanne som hadde spelt spelet før. Brettet synte seg å vere veldig klaustrofobisk, og førte til konfliktar mellom meg og Hanne (legg særlig merke til alle veggane som vart bygd inne i 'landet mitt')

torsdag 21. februar 2008

Ingredienser:
(2 brød)
7 dl vatn
50 g gjær (fersk eller 1 pose tørrgjær)
300 g havrekli
150 g byggmjøl (fint)
125 g sammalt kveitemjøl
350 g fint kveitemjøl
100 g kveitegluten
2 ts salt
3 ss olivenolje
3 ts johannesbrødkjernemjøl

Framgangsmåte
  • Bland alt det tørre (gjæren òg, om du brukar tørrgjær)
  • Varm vatnet til ca 37°C
  • Elt alt saman i eltemaskin i ca. 8 min
  • Forhev i 45 minutt
  • Elt ut i former
  • Etterhev i 45 minutt
  • Omn på 200°C
  • Steik brøda i 45 minutt
  • Avkjøl på rist under ein godt og tettvevn handduk