laurdag 24. oktober 2009

Meir Carcassonne!

Til bursdagen sin fekk Lykke "The Kids of Carcassonne". Dette hadde eg sett omtale om på nettet, og tenkte at dette ville vere perfekt. Lykke seier aldri nei til å spele spel! Carassonne har ho synt interesse for tidlegare, men vaksenspela er rett og slett for langdryge. I dag fekk vi høve til å teste det!



Det var veldig artig! Mykje kjekkare enn dei spela som var med i kåringa av årets beste barnespel! Brikkene hadde kjempesøte illustrasjonar og meeplane var store og gode å halde i.

Etterpå vart eg så inspirert av Carcassonne at det vart ein omgang med Knizia sin versjon "Carcassonnne: The Castle".

-- Postet fra føønen

laurdag 10. oktober 2009

Carcassonne: Jegere og Samlere

Nokon spel er så enkle og geniale at nesten kven som helst kan spele dei. Det originale Carcassonne har likevel ein poengmekanisme som kan vere vanskelig å forstå for dei minste: bøndene. Desse kan vere skikkelige poengbomber på slutten.


I 'Jegere og Samlere' bygger ein skogar og elver i eit subarktisk steinalderlandskap. Her er bøndene bytta ut med jegarar der ein lett kan telle opp kva dyr ein kan få poeng for. Dessutan er det ikkje fullt så mange brikker i denne versjonen, og det er faktisk ein befrielse. Likevel er spelet litt i lengste laget for dei ro minste i familien.


-- Postet fra føønen

torsdag 8. oktober 2009

Blokus med heile famlilien!

Blokus er kva eg kallar eitt massemarkedspill. Ei stund kunne du få tak i det alle stadar i bokhandlarar og leikeforretningar! Likevel er det eitt fabelaktig spel, når ein er fire spelarar. Lykke hadde ikkje spelt det før, men reglane er så enkle at ho fatta dei med ein gang.



Men som seg hør og bør, var det far i huset som drog i land sigeren! Hanne fant denne kvelden ut at ho skulle hatt Blokus på sin 'Topp 10'. Sikker fordi Tetris-faktoren er høg!

-- Postet fra føønen

måndag 5. oktober 2009

Attika

Av og til kjøper eg spel først og fremst fordi dei er pene å sjå til. Attika kjøpte eg i fjor sommar i Oslo. Spelet er eigentleg abstrakt strategi med litt trekkelykke. I går var første gang Hanne fekk prøve det (!). Synd det ikkje blir teke fram oftare, for det er ganske artig! Vant på ein litt urettferdig måte på slutten, men men...



-- Postet fra føønen

søndag 4. oktober 2009

Hanne sine 10 favorittspel

Litt inspirert av Tom Vasel sine 100 beste laga eg små kort for alle dei spela eg har i samlingen min og tvang Hanne gjennom ein vitskapeleg utvalsprosess (stakkars). Resultatet vart ganske interessant!



  1. Agricola
  2. Puerto Rico
  3. Dominion
  4. Shogun
  5. Le Havre
  6. Coloretto
  7. Amun Re
  8. Carcassonne
  9. Ticket to Ride
  10. Oregon

-- Postet fra føønen