laurdag 29. september 2007

Maratonbrettspelkveld

Vi hadde enno ikkje fått prøvd alle spela som eg hadde fått tilsendt fra Brettspillguiden for å teste, så ein heil gjeng kom på besøk på fredag for å prøve eitt og hitt.

Det første vi testa var Khet, som Oline har likt heilt frå vi pakka det ut av øskja på Tertnes. Spelet har vekt mykje åtgaum, men det har nokre svake punkt. Oline slo iallefall Lene (med ørlitegranne hjelp frå meg).

Etterpå heiv vi oss på det som har vorte ein av Lene sine favorittar, 'Dilemma'. Etter to omgangar var det nett Lene som hadde den beste summen. Eitt artig spel, men heilt utan interaksjon. Kunne like godt lagt kabal med kortstokkar i same rekkefølge.

Så kom turen til 'Manila' og 'Risk' Express. Hugsar ikkje i kva rekkefølge lenger. Manila er veldig artig, og veldig fint. Det blir mykje action og mykje hell. Trur jammen Lene vant 'Manila' òg, eller? 'Risk Express' er enno meir flaks, men mykje god stemning. Yatzy kan gå og legge seg. Lene vant vel dette òg, trur eg.

Til slutt fekk vi dratt fram 'Stormenes Tid'. Det var det spelet som i utgangspunktet var det vi hadde tenkt å spele, men sidan det er berre 2-4 spelarar fekk vi eitt problem då alle dei inviterte kom. Likevel; klokka hadde tippa over toppen men Arvid og Lene var klare for å gje spelet ein sjanse. Førsteintrykket mitt var ganske bra. Eitt flott spel med mange smertefulle valg. Likar godt 'heistopp'-mekanismen. Lene vant, med meg på ein god andreplass (eitt poeng bak).

søndag 23. september 2007

Shrek

Filmen var grei nok den! Einaren er framleis den beste, syns no eg.

I dag har vi vore i åpen idrettshall òg! Lykke likte å sparke og kaste ball, og Oline gjekk på rulleskøyter og på sparkehjul. Steinar kom òg ein tur med Vilde. Ho ville ha vafler, så det måtte Lykke få òg!

laurdag 22. september 2007

Og så kom spela!

Sov ganske lenge i dag, då vi hadde vore på fest hjå Tommy og Hege i går. Artig fest, og eg fekk meir enn nok å drikke. Då vi endeleg stod opp i dag, var eg ein tur ut for å hente inn avisa (hadde forresten fått feil avis i dag - BA og ikkje BT!!!). I postkassa låg hentelapp fra posten på ei sending i frå Brettspel-guiden.

Ungane hadde lege over hjå svigers, så vi tok turen dit for å hente dei etter at vi hadde vore på senteret for å hente spela. Her fekk vi spelt to av spela: Khet og Risk-ekspress. Oline var veldig positiv til Khet.

På kveldingen kom Lene og Finn Kristian på besøk, og vi spelte Manila, Khet, Dilemma og Risk Express. No står det berre att å prøve 'Stormenes tid'. God plan for i morgon.

NB: Skal sjå Shrek 3 i morgon.

fredag 21. september 2007

Dei nominerte spela...

Mail fra Brettspillguiden:
"Er nå sendt til alle"
Jippi! No er det berre å sette si lit til at Posten ikkje tullar det til!

Castile frå begge sider...

I går gjekk eg ein tur bort til Steinar. Hanne hadde dameklubb, så det var perfekt timing for husflukt. Det var litt regn då eg gjekk bort, men eg hadde gjort godt forarbeid, og pakka inn 'Battlelore' i ein ekstra plastpose i sekken.

Isak var framleis oppe då eg kom opp der i Åmundsleitet, og den gutten har eitt fantastisk godt humør. Artig! Steinar synte meg litt av programmeringsprosjektet sitt men så var det på tide å spele!

Steinar fant eit scenario som eg ikkje nett no hugsar namnet på, og vi sette opp brettet (pappa ringte midt i prosessen for å snakke om isolasjon, og greier). Spesielt for dette eventyret, var at den eine sida hadde ei høgreflanke som var berre goblins! Dette var sida eg hadde første omgangen. Til å byrje med såg det ut som eg hadde fin framgang på venstreflanken, men Steinar hadde tur med kavaleriet sitt, og slakta tidleg ned eit par einingar på den sida. Før eg visste ordet av det hadde eg tapt 6-0.

Andre omgangen bytta vi sider, og Steinar funderte litt ekstra på krigsrådet sitt. Då han synte oppsettet sitt vart eg litt overraska. Ein 3. nivå kommandør! Det ville seie at han kunne plassere eitt tårn. Dette sette han på goblin-flanken sin, og klarte med det å halde stand mot det tunge infanteriet mitt. Til og med etter at eg hadde fått inn enno ein tung styrke med 'Portal'! Tapte denne omgangen òg. 6-4 vart stillinga. Til saman 12-4 til Steinar denne kvelden. Argh!

onsdag 19. september 2007

Brettspillguiden og Årets spel...

Ja! Eg er ganske utolmodig no. Har venta i litt over ei veke på dei spela som var i nominasjonsutvalet, men dei har ikkje kome enno. Dei nominerte kan du finne på BrettspillGuiden. Eg ser særleg fram til å få sjekka ut 'Stormenes Tid'.