laurdag 29. september 2007

Maratonbrettspelkveld

Vi hadde enno ikkje fått prøvd alle spela som eg hadde fått tilsendt fra Brettspillguiden for å teste, så ein heil gjeng kom på besøk på fredag for å prøve eitt og hitt.

Det første vi testa var Khet, som Oline har likt heilt frå vi pakka det ut av øskja på Tertnes. Spelet har vekt mykje åtgaum, men det har nokre svake punkt. Oline slo iallefall Lene (med ørlitegranne hjelp frå meg).

Etterpå heiv vi oss på det som har vorte ein av Lene sine favorittar, 'Dilemma'. Etter to omgangar var det nett Lene som hadde den beste summen. Eitt artig spel, men heilt utan interaksjon. Kunne like godt lagt kabal med kortstokkar i same rekkefølge.

Så kom turen til 'Manila' og 'Risk' Express. Hugsar ikkje i kva rekkefølge lenger. Manila er veldig artig, og veldig fint. Det blir mykje action og mykje hell. Trur jammen Lene vant 'Manila' òg, eller? 'Risk Express' er enno meir flaks, men mykje god stemning. Yatzy kan gå og legge seg. Lene vant vel dette òg, trur eg.

Til slutt fekk vi dratt fram 'Stormenes Tid'. Det var det spelet som i utgangspunktet var det vi hadde tenkt å spele, men sidan det er berre 2-4 spelarar fekk vi eitt problem då alle dei inviterte kom. Likevel; klokka hadde tippa over toppen men Arvid og Lene var klare for å gje spelet ein sjanse. Førsteintrykket mitt var ganske bra. Eitt flott spel med mange smertefulle valg. Likar godt 'heistopp'-mekanismen. Lene vant, med meg på ein god andreplass (eitt poeng bak).

3 kommentarer:

Lene sa...

Eg vant meir enn nokon gong før den kvelden, så eg tippa ikkje lotta i helga... Var ikkje vits :|

Bjørnar sa...

Nei, det forstår eg godt. Du kunne like godt lata vera...

Lene sa...

Eg har tagga deg forresten :) Sjekk min blogg for info :)