fredag 12. juni 2015

Mad Max

Dei siste tre dagane har eg og Oline sett dei tre gamle 'Mad Max'-filmene. Måtte roe litt ned med den kjekke filmmusikk-vinylen som eg fant på Fretex for ei stund sidan. 
Det viste seg at eg ikkje hadde sett den første filmen før. Det var både ein kjekk og litt selsom opplevelse. Ting har skjedd med filmteknikk og skodespel sidan 1979!

DesignLibero

Dette italienske designbyrået har ein stil eg kan like.

http://www.designlibero.com/

Sjekk særleg urtehjulet! Trenger berre eitt mykje større kjøkken og eit hus med ein heilt annan stil enn det vi har for at det skal passe inn.

onsdag 10. juni 2015

søndag 23. januar 2011

Klassikarkveld med ekstra krydder

Ja no kan dei angra alle dei som ikkje kunne komme i kveld. Lene dukka opp med ein spanande pose, og i posen var ei langpanne med sjokoladekake! Kaka var toppa med chili og havsalt og var kjempegod!
Det har vore litt tema i det siste at vi nesten alltid spelar berre nye spel, og at vi aldri får tid til å spele dei gamle favorittane. Eitt av spela som verkeleg fekk brettspelinga i vår gjeng til å ta av er 'Puerto Rico'. Dette har vi spelt uhorveleg mange gangar, og var nok ein av dei første spela eg skaffa meg gjennom brettspill.no (der eg etterkvart har lagt att mykje gryn). Puerto Rico handlar rett og slett om å skaffe seg mest mulig ære og berømmelse ved å dyrke og vidareforedle varer i den nye verda. Kven klarar å bruke dei hardtarbeidande kolonistane på best mulig måte for å skaffe seg mais, indigo, sukker, tobakk og kaffe? Desse ressursane kan du selge for å få pengar, eller skipe attende til Europa for seierspoeng. Det heile går veldig fort, og alle er involverte heile tida. Oline vant overraskande i ein omgang som var sterkt prega av at vi hadde gløymt gamle kunstar.
Her gjeld det å velje dei rette bygningane, og å gjere det før dei andre kjøper opp det du treng. Nokre kombinasjonar er særs kraftfulle, og ein har nesten fått namnet 'Lene-kombinasjonen', og den får ho nesten aldri lov til å skaffe seg.
 Starten på min koloni, som ikkje var god nok. Nett bygd min indigofabrikk.

Neste klassikar (vald av min nye spelvelgar), var 'Keythedral'. Her er ein innbyggjarar i Keydom, og prøver å få mest innflytelse i bygginga av byens Keythedral. Eitt ganske kjapt spel, med mykje interaksjon. Hanne var uslåeleg i dag.

Vi likar å legge ut ressursane slik for å bruke mindre tid på sankinga. Lene har bygd ein mur her for å stenge meg ute fra jordene. 

 Har endeleg nok vin til å rive ned muren som lene har bygd.

Android og Duck Dealer

Ja. Eg vart lurt utpå igjen av januartilbodet frå brettspill.no. Har i fleire år lukta litt på 'Android', då eg tykkjer dystopiske framtidsvisjonar er interessante. Eg elskar 'Blade Runner', og det eg hadde lest og sett om 'Android' minna veldig om 'Blade Runner'. Litt av grunnen til at eg har venta, er at spelet har fått veldig varierande kritikk. Då snakkar vi om heile spekteret frå oppi-skyene-ros til totalslakt. Spela i denne kategorien har heller ikkje vore så billige at det gjer noko (>500,-). Januarsalet lista det til 100,-!

Spelet er eitt mordmysterie i framtida. Hovudmekanikken er ikkje deduksjon, sjølv om det er det første ein tenker på i denne typen spel. Her er det historia som er viktigast, og det er på ein måte spelarane som bestemmer kven som er mordaren...

Reglane var ikkje så vriene at det gjorde noko, så eg trur dette blir noko vi må teste snart.

Det andre spelet var eitt fra Splotter-gjengen: Duck Dealer.
Dette spelet minnar litt om ein pasifistisk versjon av Elite. Her startar ein med eitt romskip med plass til litt varer og mannskap, og målet er å bli så rik som mogeleg.
Vareutvalet er snodig: ender, telefonkioskar, blåmaling, slankepiller etc. Splotter har tidlegare stått bak Roads & Boats, Antiquity og Indonesia.

søndag 26. september 2010

Summoner Wars

Ein skikkeleg spelekveld sluttar først i dei små timane. Slik vart det i allefall i går! Først spelte vi ein god klassiker som vi ikkje hadde spelt på over tre år: Caylus. Vi måtte friske opp litt reglar først, og skrive ut nokre hjelpedokumenter fra BGG før vi kunne hoppe i det. Lene køyrde ein solid slottsstrategi, medan eg var rett i helane med prestisjebygg-jaget. Hanne hadde gløymt litt kva det gjekk i og kom ikkje heilt i gang.

Zombie Dice er latterlig enkelt, men er eitt typisk 'strekk lykken'-spel. Hanne meinte guttar reint genetisk vil vere ute av stand til å vinne dette spelet. Jau. Tapte gjorde eg...

Hanne ga seg før vi tok til på ein annan nykommar: Summoner Wars. Dette er ein lett blanding av Magic, Sjakk og BattleLore. I andre omgangen kom vi opp i ein litt snodig situasjon der det såg ut som Føniks-alvene hadde ein alt for kraftig eining: Elddraken. I denne oppstillinga såg det ut som eg kunne vinne utan å komme i nærleiken av Åndemanaren til Lene:




BGG-folket var klare i sin dom: Så mektig er Elddraken.

-- Postet fra føønen

onsdag 21. juli 2010

Tikal

Wolfgang Kramer er ein av designheltane for meg. Særleg imponert er eg på grunn av det heilt fantastiske spelet El Grande (ja, kvifor spelar vi ikkje dette oftare?).





Tikal kom nokre år seinare, men er likevel som ein klassikar å rekne (1999). Her skal ein leie ein ekspedisjon inn i jungelen i mellom-Amerika for å finne skattar og tempel. Den som klarar dette på ein effektiv måte har ein stor sjanse til å dra avgarde med sigeren. I går fekk eg og Hanne testa dette for fyrste gong. Vi var litt usikre på om siste scoringen var heilt rettferdig, så kanskje eg skal vurdere auksjonsvarianten neste gang.




Spelet er kjempefint å sjå til.

Hanne vant - som vanleg.

-- Postet fra føønen