torsdag 18. oktober 2007

Samurai på Toys'R'Us! Wow!

Ja. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge då eg skumma fort gjennom brettspelhyllene på Toys'R'Us då vi var der i dag. Midt mellom alle dei typisk kjedelige brettspela fant eg Reiner Knizia's 'Samurai'. Dette er ei perle som eg har lest om før på BGG, og som ligg på topp-30-lista. Hanne var ikkje spesielt nøgd då eg insisterte på at dette måtte eg ha, men det vart nå slik.



Vel heime, og etter lesing av Ruffen for Oline og Lykke, ville Oline prøve spelet. Det er svært enkle reglar, så vi hadde det meste klart for oss då vi satte i gang. Litt knuffing rundt Edo ga Oline ein god start med to figurar, og det viste seg til slutt at Oline vant! Gjett om jenta var nøgde, då! Gler meg til å prøve det med 3 eller 4 spelarar.

Siste innspurt av BSG-prisvurderingane...

Søndag vart ein skikkelig maraton-dag. Heile helga hadde mamma og pappa vore i byen for å hjelpe meg å komme i gang med snekringa på loftet, og dei reiste fyrst utpå ettermiddagen, rett før vi skulle køyre til Sandsli for å hente Oline som hadde vore på overnatting hjå venninna si, Ingrid. Samstundes skulle vi ha med oss Lene, for ho og vi andre skulle seinare i bursdagsbesøk hjå Tommy og Hege.

Vel, etter å ha henta ei vel nøgd Oline frå Ingrid og dei, reiste vi rett til Landås på bursdagskaffe. Åt masse bollar og fekk nok te til at kvelden før byrja å sige ut av kroppen. Ungane skulle legge seg, så vi drog heim, med Lene på lasset. Ho hadde fått nokre spel i posten som vi ville sjekke ut!



Spelet heitte 'Hey! That's my fish!' og er eitt spel som eg har høyrt om før. Eitt ganske enkelt 'flytt og ta fangs't-spel. Dette spelte vi ein omgang med Lene, Oline, Hanne og meg. Lykke var veldig imponert over 'Pingvinspillet', som ho kalla det.

Etterpå hadde eg som plan å få sjekka ut 'Stormenes Tid' ein siste gong før eg skreiv ferdig anmeldingane av brettspela som var nominerte til BSG-prisen. Det vart ein god omgang der eg til slutt vant på grunn av ein glass-blåsar. Eg tykkjer det er eitt kjempeartig spel!

måndag 1. oktober 2007

Koselig 4-generasjonstur til fjellet

No i helga har vi vore på Bulken (på 'Endeli'). Vi reiste opp først på laurdag, då vi hadde 'dobbelbooka' litt (sjå førre posting).

Turen opp gjekk smertefritt som vanlig. Lykke somna i bilen og Oline byrja å lese den siste Taynikma-boka ho hadde fått. På Dale måtte vi stoppe for å fylle på litt baconpølser og wienerar. Hanne var svolten, så vi vart litt 'svoltne' resten av gjengen òg.

På 'Endeli' hadde Ola, Torunn, Gunn og Finn-Kristian allereie kome fram til hytta, og det var eld på peisen. Oline var jo veldig glad for at Finn var der. Han og Oline er veldig gode vener.


Vel, ingen hyttetur utan ein stabel med spel i bagasjen. Denne gangen tok vi med alle dei nominerte spela, men vi spelte ikkje alle. På laurdagen vart det ein del 'Khet' (som vi lurer på å legge att på hytta, faktisk) og eitt par omgangar 'Hive' med Finn-Kristian. Oline ville òg spele 'Manila' (eitt ganske avansert spel for ho, men ho likar det veldig godt), så vi fekk med Ola òg på omgangen. Spelet var nytt for han, så vi måtte bruke litt tid for å gå gjennom reglane. Omgangen var veldig artig, og det endte med at eg vant, med Oline på andreplass! Har ein viss mistanke om at vi begge fekk godt utbytte av å velge piraten. Oline fekk faktisk kapra to båtar i eine omgangen med 42 i utbytte! Knall!

På søndagen vart det òg ein del Khet. Så ville Ola prøve Stormenes Tid. Det virka å vere eitt spel for Ola, ja! Han vant klart over oss andre. Veit at eg gjorde nokre skikkelige tabbar i denne omgangen. Seinare på kvelden reiste Ola ned att frå fjellet. Han skulle på jobb att på mandagen.

Finn Kristian likar jo WOW og slike ting, og eg hadde ein mistanke om at han kunne like Battlelore. Eg hadde iallefall tatt det med, og augene vart rimelig store på gutten då vi byrja å pakke det ut. Etter endt omgang hadde eg vunne 7-4, men gutten hadde bitt skikkelig fra seg på slutten. Artig!