søndag 23. januar 2011

Klassikarkveld med ekstra krydder

Ja no kan dei angra alle dei som ikkje kunne komme i kveld. Lene dukka opp med ein spanande pose, og i posen var ei langpanne med sjokoladekake! Kaka var toppa med chili og havsalt og var kjempegod!
Det har vore litt tema i det siste at vi nesten alltid spelar berre nye spel, og at vi aldri får tid til å spele dei gamle favorittane. Eitt av spela som verkeleg fekk brettspelinga i vår gjeng til å ta av er 'Puerto Rico'. Dette har vi spelt uhorveleg mange gangar, og var nok ein av dei første spela eg skaffa meg gjennom brettspill.no (der eg etterkvart har lagt att mykje gryn). Puerto Rico handlar rett og slett om å skaffe seg mest mulig ære og berømmelse ved å dyrke og vidareforedle varer i den nye verda. Kven klarar å bruke dei hardtarbeidande kolonistane på best mulig måte for å skaffe seg mais, indigo, sukker, tobakk og kaffe? Desse ressursane kan du selge for å få pengar, eller skipe attende til Europa for seierspoeng. Det heile går veldig fort, og alle er involverte heile tida. Oline vant overraskande i ein omgang som var sterkt prega av at vi hadde gløymt gamle kunstar.
Her gjeld det å velje dei rette bygningane, og å gjere det før dei andre kjøper opp det du treng. Nokre kombinasjonar er særs kraftfulle, og ein har nesten fått namnet 'Lene-kombinasjonen', og den får ho nesten aldri lov til å skaffe seg.
 Starten på min koloni, som ikkje var god nok. Nett bygd min indigofabrikk.

Neste klassikar (vald av min nye spelvelgar), var 'Keythedral'. Her er ein innbyggjarar i Keydom, og prøver å få mest innflytelse i bygginga av byens Keythedral. Eitt ganske kjapt spel, med mykje interaksjon. Hanne var uslåeleg i dag.

Vi likar å legge ut ressursane slik for å bruke mindre tid på sankinga. Lene har bygd ein mur her for å stenge meg ute fra jordene. 

 Har endeleg nok vin til å rive ned muren som lene har bygd.

3 kommentarer:

Lenedyret sa...

Absolutt ein vellukka kveld sjølv om eg ikkje vant noko som helst. Var veldig kjekt å spele gamle favorittar etter gamalt. Kanskje vi kunne gjort det mesteparten av spelkveldane våre i 2011??

Om eg har med kaka neste gong får vi sjå, har jo veldig ofte bakehumøret med meg har de smerteleg opplevd i det blå huset :)

Tommy sa...

Gikk glipp av sjokoladekake?! AAaaaarrgghhhhhh!

Bjørnar sa...

Muahahahhhaaa!