søndag 23. januar 2011

Android og Duck Dealer

Ja. Eg vart lurt utpå igjen av januartilbodet frå brettspill.no. Har i fleire år lukta litt på 'Android', då eg tykkjer dystopiske framtidsvisjonar er interessante. Eg elskar 'Blade Runner', og det eg hadde lest og sett om 'Android' minna veldig om 'Blade Runner'. Litt av grunnen til at eg har venta, er at spelet har fått veldig varierande kritikk. Då snakkar vi om heile spekteret frå oppi-skyene-ros til totalslakt. Spela i denne kategorien har heller ikkje vore så billige at det gjer noko (>500,-). Januarsalet lista det til 100,-!

Spelet er eitt mordmysterie i framtida. Hovudmekanikken er ikkje deduksjon, sjølv om det er det første ein tenker på i denne typen spel. Her er det historia som er viktigast, og det er på ein måte spelarane som bestemmer kven som er mordaren...

Reglane var ikkje så vriene at det gjorde noko, så eg trur dette blir noko vi må teste snart.

Det andre spelet var eitt fra Splotter-gjengen: Duck Dealer.
Dette spelet minnar litt om ein pasifistisk versjon av Elite. Her startar ein med eitt romskip med plass til litt varer og mannskap, og målet er å bli så rik som mogeleg.
Vareutvalet er snodig: ender, telefonkioskar, blåmaling, slankepiller etc. Splotter har tidlegare stått bak Roads & Boats, Antiquity og Indonesia.

Ingen kommentarer: