laurdag 19. september 2009

Tog og spel

Oslotur betyr lang køyretur, eller tog for Løseth-Gimnes-familien. Denne helga skulle vi i konfirmasjonen til Raghild, og fant ut at det mest avslappande var å ta toget. Det var heilt rett!



Undervegs vart det mykje PSP. Kjøpte 'Dissidia: Final Fantasy' før turen. Dette er eitt heftig actionspel med karakterar fra dei første ti FF-spela. Spelte gjennom (iallefall såg der slik ut) heile historia til Cloud Strife på toget, men den siste kampen mot Sephiroth holdt på å ta knekken på meg. Då vi kom fram til Oslo i går kveld hadde eg så vondt i armene! Den kjensla der har eg ikkje hatt sidan dei gangane eg som liten hadde spelt C64 heile dagen! Hadde ein liten pause med Monopoly Express. Perfekt togspel!



-- Postet fra føønen

1 kommentar:

Lenedyret sa...

Høyres ut som ein perfekt tog tur på 7-8 timar :D

Eg har fått tak i Monopoly Deal no, strålande fornøyd :)