torsdag 10. september 2009

Spelimport & DOG

Ein av dei mest interessante og spennande tinga med spelehobbyen min er å importere spel sjølv. Det er så mange spel som aldri kjem til dei norske spelebutikkane og bokhandlarane. Det er rett og slett alt for mange spel der ute. Eitt spel som eg har hatt i kikkerten ei stund er DOG. Det var såpass interessant at eg lagde min eigen vesle DIY-(do-it-yourself)versjon. Dei to gangane eg har spelt det med den var såpass underholdande at det var fristande å ha ein skikkeleg versjon. Då måtte eg til utlandet.

Å importere sjølv gjer ein ikkje om ein har lyst til å spare pengar. Det er dyrt. Men ofte er det verdt det. Den importerte versjonen eg har av Rummikub er det mest spelte spelet eg har i huset. Ikkje nødvendigvis fordi det er det beste spelet, men fordi det er så taktilt tilfredsstillande å spele med det. Viktig.

Les om DOG på BoardGameGeek: DOG

2 kommentarer:

Lenedyret sa...

Dog spelar eg faktisk gjerne fleire gongar :D

Bjørnar sa...

Var veldig kjekt å spele på det nye brettet. Veldig taktilt, og fint...