søndag 6. september 2009

Lang og fabelaktig lørdag!

Lørdag var eg tidleg opp for å bake rundstykker og brød til frokosten. Stod litt for seint opp, så brødet vart ikkje ferdig før etterpå. Anja og Oddis kom på besøk seint på fredagen, og skulle overnatte heilt til søndag. Etter frokost var vi klare for ein liten byvandring.



Vi hadde lyst til å gå innom Rosenkrantz-tårnet, men det var diverre stengt. Høgsesongen for turistene er tydeligvis over.



Som alltid var siste stopp Outland, men denne gang utan å kjøpe noko spel (kryss i taket). Har litt lyst på 'Kingsburg', kjenner eg. Liten digresjon: Hanne fekk på fredag mail fra brettspillguiden om at ho var utvald til jurien for årets beste barnespel. Det var artig. Dette har vi vore med på før, og det var kjempegøy!



På kveldingen laga Anja og Oddis middag. Fantastisk mat og hyggeleg selskap. Etterpå spelte vi 'Fearsome Floors', 'Diamant' og 'Rummikub' perfekt avslutning på ein perfekt dag!

-- Postet fra føønen

1 kommentar:

Lenedyret sa...

Og det var vi alle einige i, at det var ein perfekt kveld og avsluttning :)