laurdag 12. september 2009

Calzone og brettspel

I staden for hyttetur vart det heimehelg. Kjøkkentid utan tidspress er antistress. I dag bakte eg rundstykker, rugbrød og til slutt calzone til kvelds. Mange timar kjøkkenteneste!



Etterpå vart det litt speling, for Lykke og Oline hadde okkupert prosjektoren. Først spelte vi Dominion. Ein rar omgang med få kort som ga ekstra handlinger.


BGG: Dominion

Så hadde Hanne eitt ønske om å spele Abalone. Eitt spel som eg har hatt sidan eg framleis budde i Årdal. Kulesumo! Kjekt gjensyn. Synd det er litt sånn 'den første som gjer ein tabbe tapar'.


BGG: Abalone


Vi prøvde òg tospelar-Coloretto. Funker bra.
BGG: Coloretto

-- Postet fra føønen

6 kommentarer:

Lenedyret sa...

Dæven så kjekt å sjå at du lever her inne og der heime :)

Hyttetur får vi ta ei anna helg *kryssar fingrane* :)

Bjørnar sa...

Jupp, lever bra, og har fått stressa ned ein del, ja. Kanskje litt mykje raudvin?

Lenedyret sa...

Raudvin som medisin... Veit ikkje kva dosering som er anbefalt då eg :)

oddis sa...

Bra det ble god mat på dere også. Vi hadde en fantastisk mathelg siden vi allerede hadde kjøpt inn tapas til 5 personer :)

*burp*

Bjørnar sa...

Oj. Øydela grønsakssuppestrategien dykkar veldig, da? ;-)

oddis sa...

Ja, men denne uken har vi begynt på¨skikkelig kur, så skaden er utbedret og vel så det. Jeg angrer ingenting! :P