fredag 21. september 2007

Castile frå begge sider...

I går gjekk eg ein tur bort til Steinar. Hanne hadde dameklubb, så det var perfekt timing for husflukt. Det var litt regn då eg gjekk bort, men eg hadde gjort godt forarbeid, og pakka inn 'Battlelore' i ein ekstra plastpose i sekken.

Isak var framleis oppe då eg kom opp der i Åmundsleitet, og den gutten har eitt fantastisk godt humør. Artig! Steinar synte meg litt av programmeringsprosjektet sitt men så var det på tide å spele!

Steinar fant eit scenario som eg ikkje nett no hugsar namnet på, og vi sette opp brettet (pappa ringte midt i prosessen for å snakke om isolasjon, og greier). Spesielt for dette eventyret, var at den eine sida hadde ei høgreflanke som var berre goblins! Dette var sida eg hadde første omgangen. Til å byrje med såg det ut som eg hadde fin framgang på venstreflanken, men Steinar hadde tur med kavaleriet sitt, og slakta tidleg ned eit par einingar på den sida. Før eg visste ordet av det hadde eg tapt 6-0.

Andre omgangen bytta vi sider, og Steinar funderte litt ekstra på krigsrådet sitt. Då han synte oppsettet sitt vart eg litt overraska. Ein 3. nivå kommandør! Det ville seie at han kunne plassere eitt tårn. Dette sette han på goblin-flanken sin, og klarte med det å halde stand mot det tunge infanteriet mitt. Til og med etter at eg hadde fått inn enno ein tung styrke med 'Portal'! Tapte denne omgangen òg. 6-4 vart stillinga. Til saman 12-4 til Steinar denne kvelden. Argh!

2 kommentarer:

Lenedyret sa...

Må vist studera dei karakteroversiktan meir med andre ord.
Tips: kanskje ta kommentarboksen i eige vindauga, kjekt å sjå bloggen medan ein skriv kommentar :)

Bjørnar sa...

No har eg fiksa det! ;-)

Karakter-nivåa er faktisk ganske viktige. Vi spelte det slik at vi satte nivåa hemmelig i går, og synte dei samstundes...