fredag 16. juli 2010

Speleopplevingar i sommar

Sommar og tur til Oslo er ting som høyrer saman for oss. Då bur vi hjå farmora til Hanne, og den næraste slekta hennar kjem då på vitjing frå Bærum og Tønsberg. Tantene (og onkelen) til Hanne er særs lette å få med på speling. Dette er veldig kjekt, og det blir alltid høve til å teste ut nye brettspel. Det blir difor gjerne ein liten tur på spelebutikkane i sentrum (Outland).

I år hadde eg med meg det nye spelet til Uwe Rosenberg som eg ikkje hadde fått prøvd enno. Det heiter 'At the gates of Loyang', og er i høstingsserien til Uwe (Agricola, Le Havre og no Loyang). Dei to andre spela har eg stor respekt for, så eg hadde stor forventning til dette spelet.


Her er du bonde og handelsmann som skal prøve å levere varer til faste og tilfeldige kundar for å tjene mest mulig pengar og status på 9 rundar (år?). Det stressande 'mate alle arbeidarane/familiemedlemane'-jaget var ikkje like tydelig i dette spelet. Korta ein spelar er heller ikkje så kompliserte som i Agricola. Spelet svara til forventningane! Her var det høve til mykje glupe kort-speling og kombinering. Eg tykte kanskje det var litt synd at alle poenga er lett synlege heile vegen. Det er betre når alle, eller iallefall ein god del av poenga er skjulte heilt til ein opptelling på slutten. 

Agricola er det mest kompliserte og kanskje mest stressande av desse spela til Uwe. Her må familien matast kvar haust og huset må varmast opp slik at menneska ikkje blir sjuke (vi har byrja å spele med utvidinga 'Farmers of the Moor'). I tillegg prøver ein å utvikle garden til å bli så allsidig som mogeleg. Tantene til Hanne er veldig glad i å spele dette, så eg har det alltid med. Den store bakdelen med Agricola er at det tar så lang tid å sette opp og pakke saman. Litt av grunnen kan du sjå på biletet under.


Etter at eg kom heim etter Osloturen har eg investert i Raaco-koffertar til dette spelet. Det skal minske tida ein brukar på igangsetjing og rydding.

Tidlegare i vår (rundt påsketider, trur eg), kjøpte eg Sequence. Dette spelet er å få alle stadar no. Spelet er veldig enkelt. Du spelar eitt kort, og legg ei brikke på det korresponderande feltet. Den spelaren/laget som har fått fem på rad to gangar først har vunne. Det er lagspel som får Sequence til så skina for min del. Her sit ein annankvar rundt bordet og prøver saman med lagkameratane å få desse to rekkene så fort som råd. Taktikkane er enkle og lett forståelege. Spel brikker slik at ein får mange høver til 5-på-rad, og prøv samstundes å blokkere for det andre laget.


Årets tur til Outland i Oslo førte til to nye spel i samlinga: Kingsburg og Power Grid: Factory Manager. Det sistnemnte fekk vi ikkje prøvd (har testa det heime i ettertid - lovande!). Kingsburg var ein liten "hit", faktisk. Kingsburg handlar om å bygge opp grenseprovinsane rundt Kingsburg og motstå invasjonar kvar vinter av Tussar, Demonar og Drakar. For å få ressursane ein treng for å bygge opp provinsen sin brukar ein i dette spelet terningar. Skulle tru dette var berre flaks, men det er fleire ting ein kan nytte for å endre på terningkasta, og det fins fleire utjamningsmekanismar som gjer at leiaren ikkje får dra avgarde så lett. Artig med all jamringen og jubelen over gode og dårlige kast!


Andre spel vi spelte: Bridge Troll, 10 days in Europe og Tumblin' Dice

Ingen kommentarer: