laurdag 12. desember 2009

Agricola

Agricola (lat.: bonde) imponerer meg fortsatt etter fleire år og mykje speling. Det er ingen andre spel som kjem heilt opp i mot dette. Her er ein altså bonde på 1600-talet, og det er ingen spøk. Dersom garden din verkeleg skal vekse og gje mykje poeng må ein passe på ein heil bråte med ting: dyrke mest mulig mark med korn og grønnsaker, bygge innhegningar for sau, gris og ku, oppgradere huset først til leire fra tre og så til stein, sørge for å utvide huset for å ha plass til fleire familiemedlemer. I tillegg må ein passe på å gje garden dei mest hensiktsmessige forbetringane og trene opp familiemedlemene med nye ferdigheter som kan gagne deg. Valmulighetene er enorme! Og dei blir berre fleire og fleire etter som rundane (åra) går! Ikkje nok med det, kvar haust må du sørge for å ha nok mat til heile familien slik at ingen må på tiggarferd. Korleis får ein mat da? Skal du slakte den fine kua? Har du nok korn til å bake brød? Står det så dårleg til at du må ete såkornet?



Sist gang vi spelte var vi fem stykker: broren til Hanne, Hanne, svigerfar, Tanten til Hanne og meg. Når ein er fem stykker er det veldig hard kjiving om ressursene. Stadane ei får tre og leire er nesten alltid tomme. Ingen av oss andre hadde vett til å ta i fra Aase startspillerbrikken, så ho fekk ture fram som ho ville, og vant til slutt.



-- Postet fra føønen

1 kommentar:

Lenedyret sa...

Der er ikkje få ting å halde styr på som du seie så fint, så det å hugsa å ta startbrikka... Ikkje alltid prioritert meinar eg å hugsa :)