onsdag 21. juli 2010

Tikal

Wolfgang Kramer er ein av designheltane for meg. Særleg imponert er eg på grunn av det heilt fantastiske spelet El Grande (ja, kvifor spelar vi ikkje dette oftare?).





Tikal kom nokre år seinare, men er likevel som ein klassikar å rekne (1999). Her skal ein leie ein ekspedisjon inn i jungelen i mellom-Amerika for å finne skattar og tempel. Den som klarar dette på ein effektiv måte har ein stor sjanse til å dra avgarde med sigeren. I går fekk eg og Hanne testa dette for fyrste gong. Vi var litt usikre på om siste scoringen var heilt rettferdig, så kanskje eg skal vurdere auksjonsvarianten neste gang.




Spelet er kjempefint å sjå til.

Hanne vant - som vanleg.

-- Postet fra føønen

fredag 16. juli 2010

Speleopplevingar i sommar

Sommar og tur til Oslo er ting som høyrer saman for oss. Då bur vi hjå farmora til Hanne, og den næraste slekta hennar kjem då på vitjing frå Bærum og Tønsberg. Tantene (og onkelen) til Hanne er særs lette å få med på speling. Dette er veldig kjekt, og det blir alltid høve til å teste ut nye brettspel. Det blir difor gjerne ein liten tur på spelebutikkane i sentrum (Outland).

I år hadde eg med meg det nye spelet til Uwe Rosenberg som eg ikkje hadde fått prøvd enno. Det heiter 'At the gates of Loyang', og er i høstingsserien til Uwe (Agricola, Le Havre og no Loyang). Dei to andre spela har eg stor respekt for, så eg hadde stor forventning til dette spelet.


Her er du bonde og handelsmann som skal prøve å levere varer til faste og tilfeldige kundar for å tjene mest mulig pengar og status på 9 rundar (år?). Det stressande 'mate alle arbeidarane/familiemedlemane'-jaget var ikkje like tydelig i dette spelet. Korta ein spelar er heller ikkje så kompliserte som i Agricola. Spelet svara til forventningane! Her var det høve til mykje glupe kort-speling og kombinering. Eg tykte kanskje det var litt synd at alle poenga er lett synlege heile vegen. Det er betre når alle, eller iallefall ein god del av poenga er skjulte heilt til ein opptelling på slutten. 

Agricola er det mest kompliserte og kanskje mest stressande av desse spela til Uwe. Her må familien matast kvar haust og huset må varmast opp slik at menneska ikkje blir sjuke (vi har byrja å spele med utvidinga 'Farmers of the Moor'). I tillegg prøver ein å utvikle garden til å bli så allsidig som mogeleg. Tantene til Hanne er veldig glad i å spele dette, så eg har det alltid med. Den store bakdelen med Agricola er at det tar så lang tid å sette opp og pakke saman. Litt av grunnen kan du sjå på biletet under.


Etter at eg kom heim etter Osloturen har eg investert i Raaco-koffertar til dette spelet. Det skal minske tida ein brukar på igangsetjing og rydding.

Tidlegare i vår (rundt påsketider, trur eg), kjøpte eg Sequence. Dette spelet er å få alle stadar no. Spelet er veldig enkelt. Du spelar eitt kort, og legg ei brikke på det korresponderande feltet. Den spelaren/laget som har fått fem på rad to gangar først har vunne. Det er lagspel som får Sequence til så skina for min del. Her sit ein annankvar rundt bordet og prøver saman med lagkameratane å få desse to rekkene så fort som råd. Taktikkane er enkle og lett forståelege. Spel brikker slik at ein får mange høver til 5-på-rad, og prøv samstundes å blokkere for det andre laget.


Årets tur til Outland i Oslo førte til to nye spel i samlinga: Kingsburg og Power Grid: Factory Manager. Det sistnemnte fekk vi ikkje prøvd (har testa det heime i ettertid - lovande!). Kingsburg var ein liten "hit", faktisk. Kingsburg handlar om å bygge opp grenseprovinsane rundt Kingsburg og motstå invasjonar kvar vinter av Tussar, Demonar og Drakar. For å få ressursane ein treng for å bygge opp provinsen sin brukar ein i dette spelet terningar. Skulle tru dette var berre flaks, men det er fleire ting ein kan nytte for å endre på terningkasta, og det fins fleire utjamningsmekanismar som gjer at leiaren ikkje får dra avgarde så lett. Artig med all jamringen og jubelen over gode og dårlige kast!


Andre spel vi spelte: Bridge Troll, 10 days in Europe og Tumblin' Dice

onsdag 13. januar 2010

Neuroshima Hex

Det er ikkje mange spel ein har høyrt om som kjem frå dei tidlegare østeuropeiske landa. Har du spelt eitt Polsk spel kanskje? Neuroshima er fra Polen, og eg har høyrt mykje skryt om. Tenk RoboRally, MadMax, Sjakk og Magic!



Lykke og Hanne skulle på Teateret og sjå Jungelboken. Då fekk eg Oline høve til å prøve spelet. Det var ikkje vanskelig, og Oline var med frå fyrste runde. Vi spelte to omgangar og vant kvar vår.

-- Postet fra føønen

laurdag 12. desember 2009

Agricola

Agricola (lat.: bonde) imponerer meg fortsatt etter fleire år og mykje speling. Det er ingen andre spel som kjem heilt opp i mot dette. Her er ein altså bonde på 1600-talet, og det er ingen spøk. Dersom garden din verkeleg skal vekse og gje mykje poeng må ein passe på ein heil bråte med ting: dyrke mest mulig mark med korn og grønnsaker, bygge innhegningar for sau, gris og ku, oppgradere huset først til leire fra tre og så til stein, sørge for å utvide huset for å ha plass til fleire familiemedlemer. I tillegg må ein passe på å gje garden dei mest hensiktsmessige forbetringane og trene opp familiemedlemene med nye ferdigheter som kan gagne deg. Valmulighetene er enorme! Og dei blir berre fleire og fleire etter som rundane (åra) går! Ikkje nok med det, kvar haust må du sørge for å ha nok mat til heile familien slik at ingen må på tiggarferd. Korleis får ein mat da? Skal du slakte den fine kua? Har du nok korn til å bake brød? Står det så dårleg til at du må ete såkornet?



Sist gang vi spelte var vi fem stykker: broren til Hanne, Hanne, svigerfar, Tanten til Hanne og meg. Når ein er fem stykker er det veldig hard kjiving om ressursene. Stadane ei får tre og leire er nesten alltid tomme. Ingen av oss andre hadde vett til å ta i fra Aase startspillerbrikken, så ho fekk ture fram som ho ville, og vant til slutt.



-- Postet fra føønen

onsdag 9. desember 2009

Skybridge

'Vil vite' er ein flott stad, og etter helgas besøk hadde eg med meg eitt nytt gigamic-spel i posen. Gigamic er kjende for å gje ut kjempepene abstrakte strategispel i heiltre (og av og til i bakelitt ['Hive']). Skybridge er kanskje det penaste og mest evokative av trespela. Her ein kveld vart eg og Lykke sittande og spele. Målet er å få dei høgaste tårna og prøve å få bruer fra sine tårn til andre sine for å få enno meir poeng.





-- Postet fra føønen

tysdag 1. desember 2009

Yinsh

Endelig ein kjøkkenspeling med Oline igjen. Gipf-serien er nokre vakre og veldig spelbare moderne abstrakte strategispel. Yinsh er ein av dei beste, der ein prøver å vere den første til å fjerne 3 av sine eigne ringar fra brettet. Måten ein får det til er ein blanding av othello/reversi og fem på rad. Oline slo meg då eg eplekjekt gjorde eitt flytt for å få mine andre fem på rad utan å sjå heile situasjonen. Argh!



-- Postet fra føønen

Location:Nedre Åstveit,Bergen,Norge

laurdag 24. oktober 2009

Meir Carcassonne!

Til bursdagen sin fekk Lykke "The Kids of Carcassonne". Dette hadde eg sett omtale om på nettet, og tenkte at dette ville vere perfekt. Lykke seier aldri nei til å spele spel! Carassonne har ho synt interesse for tidlegare, men vaksenspela er rett og slett for langdryge. I dag fekk vi høve til å teste det!



Det var veldig artig! Mykje kjekkare enn dei spela som var med i kåringa av årets beste barnespel! Brikkene hadde kjempesøte illustrasjonar og meeplane var store og gode å halde i.

Etterpå vart eg så inspirert av Carcassonne at det vart ein omgang med Knizia sin versjon "Carcassonnne: The Castle".

-- Postet fra føønen