laurdag 26. september 2009

Polarity

Oppå gardinbrettet inne i stova har eg gøymt denne perla. I bunn og grunn eitt stykke grov seglduk, og ein haug med othello/reversi-liknande brikker med magnet i. Etter å ha lagt fem grunnbrikker flatt på duken kvar, er det om å gjere å plassere resten så feilfritt som mogeleg. Problemet er at det ikkje er lov til å legge resten flatt! Dei resterande brikkene må lenast mot magnetfeltene til dei andre brikkene på brettet! Sjå biletet:




Når nokon er tom for brikker tel ein opp tårna på brettet. Oline hadde blitt mykje flinkare, men eg vant likevel!


fredag 25. september 2009

Gjett hvem!

'Gjett Hvem' er ein gammal klassiker. Spelte det ganske mykje då eg framleis budde i Årdal. I seinare tid har vi fått inn Ekstra-versjonen som faktisk er kjempebra! Det er 6 gangar så mange ansikter, og nokon av platene har figurer utan namn, som er perfekt for Lykke!




Denne gongen var eg heilt på bærtur. Hadde heilt gløymt korleis å spørje når ein har to personar. Dårleg hukommelse hjelp ikkje særlig. Hanne knuste meg!


tysdag 22. september 2009

Pitchcar

Yay! Endelig har eg fått meg Pitchcar! Dette har eg lest masse om på nettet. Har tykt at spelesamlinga mi har mangla spel som lar fleire enn 5 spele samstundes. Pitchcar taklar 8 spelarar! Det plar halde. I dag spretta vi øskja og knipsa i veg. Vips hadde vi spelt 3 løp à 3 rundar!



Likte vi det? Ja!

Kjøpte det fra Spillskrinet.no

-- Postet fra føønen

laurdag 19. september 2009

Gjennom ørkenen

Kjekt å spele gamle kjenningar innimellom. I dag kom "Through the Desert" på bordet igjen. Eitt flott spel. Knizia såklart. Temaet er nokså påklistra. Kamelar! I dag posta Gaute bilete fra Qatar:



Følg han på Twitter: http://twitter.com/Quissar

Våre kamelar er litt mindre kaki:



I spelet er det om å gjere å få karavanene sine til å nå så mange vannhòl og oasar som mogeleg. I tillegg må ein prøve å få mest kamelar i kvar farge og å avgrense så store områder som mogeleg. Bjørn og Hanne storspelte i dag.

-- Postet fra føønen

Tog og spel

Oslotur betyr lang køyretur, eller tog for Løseth-Gimnes-familien. Denne helga skulle vi i konfirmasjonen til Raghild, og fant ut at det mest avslappande var å ta toget. Det var heilt rett!



Undervegs vart det mykje PSP. Kjøpte 'Dissidia: Final Fantasy' før turen. Dette er eitt heftig actionspel med karakterar fra dei første ti FF-spela. Spelte gjennom (iallefall såg der slik ut) heile historia til Cloud Strife på toget, men den siste kampen mot Sephiroth holdt på å ta knekken på meg. Då vi kom fram til Oslo i går kveld hadde eg så vondt i armene! Den kjensla der har eg ikkje hatt sidan dei gangane eg som liten hadde spelt C64 heile dagen! Hadde ein liten pause med Monopoly Express. Perfekt togspel!



-- Postet fra føønen

måndag 14. september 2009

Ny lenkje - deviantArt

Jupp. Har hatt ein profil på deviantArt ei god stund. Her har dykk linken dit: Fairwood på DeviantArt

laurdag 12. september 2009

Calzone og brettspel

I staden for hyttetur vart det heimehelg. Kjøkkentid utan tidspress er antistress. I dag bakte eg rundstykker, rugbrød og til slutt calzone til kvelds. Mange timar kjøkkenteneste!



Etterpå vart det litt speling, for Lykke og Oline hadde okkupert prosjektoren. Først spelte vi Dominion. Ein rar omgang med få kort som ga ekstra handlinger.


BGG: Dominion

Så hadde Hanne eitt ønske om å spele Abalone. Eitt spel som eg har hatt sidan eg framleis budde i Årdal. Kulesumo! Kjekt gjensyn. Synd det er litt sånn 'den første som gjer ein tabbe tapar'.


BGG: Abalone


Vi prøvde òg tospelar-Coloretto. Funker bra.
BGG: Coloretto

-- Postet fra føønen