laurdag 5. september 2009

Fransk kyllinggryte


Hanne fant ei spennande oppskrift på nettet på fransk kyllinggryte. Har aldri kjøpt ein heil, fersk kylling før, men til denne oppskrifta (som verka veldig bondsk) skulle ein altså ha ein heil kylling. Koke i vatn? Nei, her skulle det ein halv liter eplesaft til.



Resutatet var betre enn forventa, og eg forventa ein god del. Mettande!
-- Postet fra føønen

fredag 4. september 2009

Italiensk frokost

Jupp. Innimellom har eg eit par minutt ekstra om morgonen, og då hender det eg får tid til ei lita kanne. Deilig! Med eitt par (les: 3) skeier sukker blir det ein skikkelig kickstart.


-- Postet fra føønen

torsdag 3. september 2009

Monopoly Deal og Diamant

Blir innimellom ganske overrasket over brettspillutvalget til Toys'R'Us. Kjøpte Zooloretto der i forrige veke, og da observerte eg òg at dei hadde Faidutti sitt spel 'Diamant'. Det måtte eg berre ha! Diamantar? Det må jo vere tingen for Lykke! Rett skal vere rett: Dei siste kveldane har Diamant vore kveldsmatspelet ;-)



Svippa innom leikebutikken på Arken for eitt par dagar sidan. No hadde Monopoly Deal kome ned i kun 50-60kr! I kveld testa eg og Hanne det ut, og det var overraskande bra!


-- Postet fra føønen

måndag 24. august 2009

Wipeout og Zooloretto

Endelig var det tid for å spele WipeoutHD med Morten på nettet! Ikkje mindre enn 3 turneringar vart det no i kveld. Vi støytte på ein dyktig pilot som slo oss i nesten alle løpa. Det var litt verre.

Kjøpe Zooloretto på Toys'R'Us. Etter veldig positiv opplevelse av Coloretto i går, var motstandsstyrken vekke. Bra det var billig, da. Lykke var veldig interessert. Ikkje rart, med ein søt panda på lokket.

BGG: Zooloretto


-- Postet fra føønen

onsdag 10. september 2008

Astrid Hansen - a name to watch...

Stifta kjennskap til denne teiknaren i Nemi. Fant i dag eitt web-galleri. Mykje stilig!
Link til 'Onjedone' på Deviantart.

Mah-Jongg igjen!



Så vart det endelig litt mah-jongg igjen, med dei nye brikkene fra Yellow Mountain Imports. Lene kom på besøk (på kort varsel) og vi spelte ein heil omgang (6 rundar). Ingen som hadde store poengsummar denne gangen, og vi var nesten heilt lik på slutten. Berre 160 poeng mellom vinnar og sisteplass! Wow!

laurdag 26. april 2008

Ny blogg!


I dag har Oline oppretta sin eigen kunstnarblogg!

http://gallerioline.blogspot.com/

Elles så har regnvêret endeleg kome attende slik at eg ikkje klør slik i augene. Den allergimedisinen gjer meg så frykteleg trøytt. Har forresten nett lest på nett at dei lagar ein DS-versjon av Civilization. Det høyres veldig spennande ut!

Førre helg hadde vi ein kjempetriveleg spelekveld med Tommy, Arvid, Lene og oss i Det Blå Huset. Tommy har allereie blogga om det!